Nervedrama i finalen for G13
Postet av Skjoldar Il den 14. mar 2026
Det var duka for ein tøff og jevn batalje i finalen i G13 klassen i årets vintercup der Fjordar møtte eit Saudalag som var ubeseira på sin ferd mot finalen. Det var tydeleg at det var finale, der begge lag starta noko nervøst. Etter kvart blir kampen prega av høgt tempo og tøffe duellar mellom to jevne og gode lag.
Det er Sauda som først får hol på byllen og tar leiinga 1-0. Ikkje så lenge etterpå er Fjordar igjennom og utligner, 1-1 signert Håvard Stensland. Fjordar får etterkvart kampen meir i sitt spor, og tar etterkvart leiinga 2-1. Igjen er det unge Stensland som er målscorar. Like før pause trur alle at Fjordar går opp i 3-1, men scoringa blir annulert grunna offside. Dermed står det 2-1 til pause.
Om første omgang var spanande blir andre omgang ei nervepåkjenning av verste sort for alle dei frammøtte Fjordarsupporterane. Igjen er det Sauda som først får nettkjenning, og reduserer til 2-2. Litt seinare får Sauda frispark i farleg posisjon. Med ein frekk, innøvd variant blir Fjordar satt ut og Sauda går opp i 3-2 leiing.
Men Fjordar er eit lag som ikkje gir opp, og til elleville jubelsecenar utligner Lorens Stople til 3-3. Men Sauda var ikkje ferdige. Sauda sin gode spiss dribler seg igjennom og scorer nok ein gang, 4-3 til Sauda. Fjordar legg deretter massivt trykk på Sauda, men får ikkje ballen i mål tross store sjangsar. Men så, eit minutt før slutt blir dramaet komplett. Fjordar får corner. Ein lang ball blir slått inn i feltet. Ein Saudaspelar står med strake armar i ein Fjordarrygg. Straffe! Til store protester frå Sauda så går ein iskald Håvard Stensland fram til straffemerket. Spenninga dirrar i lufta i Grinde, men Håvard lar seg ikkje prege av stundens alvor. Han banker ballen i mål, 4-4! Dermed skal kampen avgjerast på straffekonkurranse.
Så er det slik med straffekonkurranse. Straffer er bingo, og nokon må bomme for å kåre ein vinnar. I dag var det Fjordar som bomma på ein, og Sauda som scorte på alle sine. Dermed vinner Sauda finalen og tar den gjevaste pokalen med seg heim.
Me gratulerer likevel Fjordar G13 med strålande innsats og ein kjempeflott andreplass i årets Vintercup!

Logg inn for å skrive en kommentar.